top of page
Ã…LESUND_KIRKE_KONSERT_PIOTR_CABAJ_2020_0

MAGNE
FREMMERLID

Tryllefløyten, La bohème, Don Giovanni og Den flyvende Hollender. Magne Fremmerlid leikar ikkje opera. 

 

I følge Magne sjølv treng ein opera når livet blir for lett å leve. Vi synest sangen til Magne bør høyrast så ofte sjansen byr seg. Under årets Fjord Cadenza blir han å sjå på fleire ulike arrangement. Mellom anna gjentek han suksessen med Operapub, som du i år kan få med deg både på Teaterfabrikken i Ålesund og på Nerskøyløa i Skodje. 

 

Sidan 1998 har Magne Fremmerlid vore fast tilknytt solistensemblet ved Nasjonaloperaen. På repertoaret står minneverdige roller som Scarpia i Tosca, Sarasto i Tryllefløyten, Colline i La boheme, Kommandanten i Don Giovanni, Fafner i Rhingullet, Gagen i Götterdämmerung, Vannånden i Rusalka, Kong marke i Tristan og Isolde, Hermann i Tannhauser, Stuart i Jorden rundt på 80 dager og Tempo/Nettuno i Ulysses vender hjem.

 

Fremmerlid sitt sjangermessige spenn er breitt og inkluderer både tørrfiskoperaen Querini og jazzoperaen Storkaren, framført samans med Brazz Brothers under Fjord Cadenza i 2012. Han er i tillegg ein etterspurt konsert- og oritoriesongar, og har vore solist med Oslo-filharmonien ei rekkje gongar.

 

Dei siste åra har Magne merka seg spesielt ut i Wagner-roller. Han gjorde stor suksess i Essen, Tyskland, i rolla som Gurnemanz i Pasifal og for rolla som Daland i Den flyvende Hollender i Oslo. 

 

Vi er stolte og glade for å ha Magne Fremmerlid med på årets festivalplakat!

ARRANGEMENT MED
MAGNE FREMMERLID

FESTIVAL-
VORSPIEL
OPERAPERLER
OPERAPUB
PÅ TEATER-
FABRIKKEN
OPERAPUB I NERSKØYLØA
bottom of page