top of page
PIOTR_CABAJ_FJORD_CADENZA_Klasiske_perler_2020-71.jpg

FESTIVALVORSPIEL:
UTEKONSERT

APALVIKSTØLEN, SKODJE 
11. AUGUST KL. 20:00

Vi tjuvstartar festivalen med ein folkefest på flotte Apalvikstølen. Her vert det avslappa stemning med eit variert program som passar for alle. Musikk i vakre naturomgjevnader med eit utval topp festivalartistar. Program og artistar blir slept etter kvart, og i mellomtida er det berre å sette av kvelden og håpe på godt vêr!  

 

Arrangementet er gratis. 

Sal av grillmat og forfriskningar. 
Ta gjerne med sitteunderlag/campingstol om du har.


For eldre og uføre: Ta kontakt med oss her eller på facebook om de treng transport opp. I tillegg vil det bli sett ut benkar/stolar som de kan nytte.
 

Slik kjem du deg hit:
Koordinatar er B: 62.4994, L: 6.7384
Ta av mot Solnørdalen ved tunellen i Skodjevågen. Etter ca 1 km kjøyrer du forbi nokre forretnings-/industrilokale. Ca 200-300 m etter det, kan du ta av til venstre. Det finst nokre parkeringsplassar i starten av sætrevegen.

  • Facebook Social Ikon
bottom of page