top of page

FJORD CADENZA PROGRAMPRESENTASJON 2021

Fjord Cadenza satsar offensivt og vil i perioden 11. –15. august invitere til eit svært spennande festivalprogram med stor breidde og høg kvalitet. Her vil nokre av dei fremste norske artistane bli presentert på ei rekkje spennande scener!

​

Til trass for at store delar av kulturlivet i Noreg ligg på vent grunna situasjonen knytt til Korona så klarer Fjord Cadenza å gjennomføre sin festival, sjølvsagt med begresningar og innanfor gjeldande reglar for smittevern. Sjølv med desse rammevilkåra har ein klart å setje saman eit imponerande program for festivalen i august.

​

Det borgar for kvalitet når ein har engasjert TrondheimSolistene som årets festivalorkester. Dette orkesteret er eit av dei mest kjende ensembla i Nord-Europa. Dei har turnert i store delar av Europa, Asia, USA og Sør-Amerika, og konsertane er prega av humør, spontanitet og intensitet. På årets Fjord Cadenza vert dei å høyre både åleine men også saman med ingen ringare enn virtuosen Arve Tellefsen og Silje Nergaard.

Arve Tellefsen er ein av vår tids største virtuosar og er ein perfekt match i samspel med TrondheimSolistene. Arve vil i konsertar både på Gomerhuset og i Ålesund Kyrkje presentere eit utval av sine favorittar og vise oss litt av musikken som har betydd mykje for han sjølv gjennom ei lang og særs innhaldsrik musikkarriere. Silje Nergaard er ein av Noregs mest folkekjære artistar og er ein særs anerkjent norsk jazzvokalist og låtskrivar. På årets avslutningskonserten får vi høyre Silje i vakkert samspel med TrondheimSolistene «in symphony».

​

Festivalen startar allereie på onsdag 11. august med opning av kunstutstillinga på Jentekolonien som vert arrangert i samarbeid med Lions. Det er Ann Helen Haagensen frå Ålesund som er årets festivalkunstnar og ho presenterer utstillinga «Fishey Business». Ann Helen er ein svært spennande kunstnar som med særeigne teknikkar presenterer sin heilt eigen stil inspirert av eigne livshendingar, omgjevnadar og musikk.

Vidare går turen til utekonsert og folkefest i avslappa stemning på den flotte Apalvikstølen i Skodje. Her vil eit knippe artistar sørge for eit variert program som passar for alle, der publikum kan kose seg med musikken, den vakre naturen og servering frå grillen.

​

Tradisjonen tru så byr Charlotte Fongen og Magne Fremmerlid inn til konsertar for bebuarar på Skodje Omsorgssenter og Ådalen Allé der dei presenter eit knippe av kjende og kjære perler.

Fjord Cadenza i samarbeid med Ålesund kommune vil gjennom heile festivalveka arrangere songskule med musikal som tema. Elevane vil få kyndig rettleiing av nasjonale aktørar innanfor musikal- og operafaget, og det vert avslutningskonsert for songkurset på laurdagen under festivalen.

Torsdag kveld inviterer Storfjord Hotel saman med Fjord Cadenza til ei kulinarisk 3-retters oppleving akkompagnert av sjølvaste Atle Sponberg og Christian Grøvlen. Det vert avslappa stemning og musikk mellom serveringa.

Årets offisielle Opningskonsert finn stad på torsdag kveld på Gomerhuset. Denne konserten vert i sin heilskap via til Wolfgang Amadeus Mozart sin musikk. Fiolinisten Ina Han Brekke, som var vinnar av Nasjonal Solistkonkurranse i 2019, vert solist saman med TrondheimSolistene under leiing av Rune Bergmann. Denne kvelden vil vi også invitere til ein musikalsk samtale mellom Jorun Marie Kvernberg og Edvard Hoem i Nerskøyløa. Frå boka «Felemakaren» fortel Hoem om sin felemakar Lars Olsen Hoem og Jorun Marie vil gje oss slåttar frå Romsdal.

Jervellhuset er opna i ny drakt, og det vert feira ved å ta i bruk det flotte flygelet i den staselege stova. Christian Grøvlen vil i lunsjkonserten fredagen presentere eit flott program med fokus på Grieg samt eigne komposisjonar.

​

I konserten med Perleskum vil Jorun Marie Kvernberg (fele, hardingfele, song, komponist), Unni Boksasp (folkesong, harpeleik), Lars Andreas Haug på tuba og Dag-Filip Roaldsnes (piano) gje oss eit spennande møte mellom jazz og folkemusikk.

Operapub er ein fantastisk måte å oppleve opera på! Sjølv om du aldri har opplevd sjangeren eller om du et opera til frukost eller noko midt i mellom, er dette noko som må opplevast. Når Fjord Cadenza inviterer til arrangement både på Teaterfabrikken i Ålesund sentrum og på Nerskøyløa i Skodje så er dette eit perfekt høve til å komme tett på nokre av Noregs største operasongarar, og møte sjangeren i ei uformell drakt. Her kan du møte m.a. Magne Fremmerlid, Charlotte Fongen, Birgitte Velsvik og Markus Bjørlykke, akkompagnert av Martin Bredin.

​

Det vert elles fele og graut og meir til når vi laurdag inviterer til familiekonsert i regi av Fjord Cadenza Intro. Vi har utfordra Jorunn Marie med fela si til å sette saman eit leikande program med plass for både god-fot og latter. Med seg har ho Lars Andreas og tubaen, Unni og røysta og Dag-Filip og tangentane.

 

Søndagen inviterer vi til Festivalgudsteneste i den flotte Tusenårsparken på Skodje der vi vil presentere musikkinnslag av Fjord Cadenza artistar. Tradisjon tru avsluttar vi festivalen på storslått vis. Silje Nergaard med sitt band i samspel med TrondheimSolistene vil avslutte ein særs innhaldsrik festival med sin «in symphony» konsert i Gomerhuset.

​

Musikalsk leiar, Rune Bergmann er svært stolt og glad for at ein til trass for korona-situasjonen har klart å setje saman eit svært spennande program med stor breidde og eit høgt kunstnarisk nivå.
– Årets festival vil absolutt leve opp til våre kjerneverdiar gjennom å finne samspelet mellom menneske, musikk og natur. Vi inviterer til ein festival med stor breidde og fantastisk kvalitet, melder Bergmann!

​

Vi ønskjer velkomen til Verdas Vakraste Musikkfestival, 11. – 15. august.

​

bottom of page