top of page
Trondheimsolistene1_1.jpg

TRONDHEIM-
SOLISTENE

Det borgar for kvalitet når ein har engasjert TrondheimSolistene som årets festivalorkester. Dette orkesteret er eit av dei mest kjende ensembla i Nord-Europa. Dei har turnert i store delar av Europa, Asia, USA og Sør-Amerika, og konsertane er prega av humør, spontanitet og intensitet.  

 

Under årets Fjord Cadenza vert dei å høyre både åleine, men også saman med ingen ringare enn virtuosen Arve Tellefsen og folkekjære Silje Nergaard. 

 

Orkesteret blei etablert i 1988, og er eit kammerorkester med stor programbredde og musikalsk vidsyn. Med høg internasjonal kvalitet og ei nyskapande kunstnarisk profil, bidrar Trondheimsolistene til auka tilgang, merksemd og bevisstgjering rundt det kunstnariske uttrykket – kammermusikk. Orkesteret har vakt stor oppsikt og anerkjennast både nasjonalt og internasjonalt grunna den høge kunstnariske kvaliteten, i kombinasjon med ungdommeleg, sprudlande og entusiastisk speleglede. 

ARRANGEMENT MED
TRONDHEIMSOLISTENE

OPNINGS-
KONSERT:
HEILT
MOZART
ARVE TELLEFSEN
OG TRONDHEIM-
SOLISTENE PÅ GOMERHUSET
ARVE TELLEFSEN
OG TRONDHEIM-SOLISTENE I ÅLESUND KIRKE
SILJE NERGAARD OG TRONDHEIM-
SOLISTENE
bottom of page