
Avslutningskonsert:
SILJE NERGAARD OG
TRONDHEIMSOLISTENE
GOMERHUSET, SKODJE
15. AUGUST KL. 18:00
Ein innhaldsrik festival avsluttar på storveis vis med Silje Nergaard og TrondheimSolistene i Gomerhuset.
​
Silje Nergaard har heile verda som leikeplass. Ho har gitt ut seksten album og har ein japansk vin oppkalla etter seg. I august kjem ho til Sunnmøre for å vere med på Fjord Cadenza!
Nergaard er heile Noregs jazzsangerinne og komponist. Ho kjem frå Hamar, men starta for alvor si musikalske reise på Moldejazz som 16-åring. Der entra ho scena under ein «jamsession» med Jaco Pastorius Band og våkna dagen etter til eit tosiders oppslag i Dagbladet, der ho var stempla «Norges nye jazzhåp». Debutsingelen «Tell Me Where You’re Going» kom ut i 1990 og vart ein internasjonal suksess, mellom anna med topplisteplasseringer i Japan. Albumet «At First Light» kom ut i 2001 og er framleis det mest solgte norske jazzalbumet gjennom tidene. Nergaard vart for alvor kjent på den internasjonale jazzscena med låten «Be Still My Heart», frå dette albumet, som fort vart artisten sin signaturlåt.
Silje Nergaard kan skryte av både Grammynominasjon og samarbeid med Vince Mendoza, Al Jarreu, Toots Thielmans og Morten Harket, for å nevne nokre få. Nergaard kompnerar musikk og turnerar jamnleg i både inn- og utland. I 2020 feira Nergaard 30-års jubileum som artist med to plateutgivelsar og mottakinga av eit tiårig kunstnarstipend fra Kulturrådet.
Under Fjord Cadenza blir den folkekjære artisten å sjå under ein spektakulær avslutningskonsert i Gomerhuset, søndag 15. august. Her får ein sjå Silje Nergaard i vakkert samspel med TrondheimSolistene «in symphony».
​