top of page
PIOTR_CABAJ_FJORD_CADENZA_Klasiske_perle

RUNE
BERGMANN

Ein dynamisk og fleksibel dirigent med eit omfangsrikt utval innan klassisk, romantisk, opera og samtidsmusikk. Same kva slags musikalsk stilart som vert framført, er orkestera si tyding alltid energisk og engasjerande under leiing av Rune Bergmann.

 

Han har no heile verda som sin arbeidsplass og i heimlandet har han dirigert  orkester som: Oslo Filharmoniske Orkester, Den Norske Opera & Ballet og Bergen Filharmoniske Orkester. Bergmann har vore engasjert ved fleire universitet som gjesteprofessor og har vore fyrste gjestedirigent for Kaunas City Symphony Orchestra sidan 2013..

 

Hausten 2014 slo Rune Bergmann igjennom for fullt i sin debut som dirigent i USA og Canada. Han har sidan den gong hatt mange spanande oppdrag over heile kontinentet. I dag innehar Rune dei særs prestisjetunge jobbane som Principal Conductor og Artistic Director for Szczecin Philharmonic Orchestra og Calgary Philharmonic Orchestra, i tillegg til å vere kunstnarisk leiar for Fjord Cadenza festivalen I 2021 tiltrer han stillinga som sjefsdirigent for Argovia Philharmonic i Sveits..

ARRANGEMENT MED
RUNE BERGMANN

FESTIVAL-VORSPIEL
OPNINGS-
KONSERT:
HEILT MOZART
bottom of page