top of page
JorunMarie_OE8A9515_fotoKristinStoylen.j

JORUN MARIE
KVERNBERG

Jorun Marie Kvernberg er eit musikalsk multitalent av dei sjeldne. 

 

Ho har i løpet av si tjue år lange karriere etablert seg som ein tonegjevande musikar, komponist, produsent og sangar, og har peika ut nye retningar for folkemusikken – mellom anna saman med gruppene Majorstuen, Tindra og Trio Alde, med sitt eige band Perleskum, i Kviven duo, og som solist.

 

Jorun Marie Kvernberg har i løpet av karriera mellom anna fått med seg to Spellemannprisar, gitt ut meir enn tretti album, turnert i over tjue land, starta to plateselskap og eitt forlag, og fått TONOs einaste Edvard-pris i folkemusikksjangeren. 

 

Dei siste fem åra har komponisten Kvernberg fått boltre seg meir. Jorun Marie er av dei leiande komponistane og arrangørane i folkemusikkfeltet i Noreg i dag. Kvernberg har mellom anna hatt arbeidsstipend frå Statens Kunstnarstipend som populærkomponist, komponert musikk til animasjonsfilmane «Something Withy» og «Fear Rua», og under Førdefestivalen (2017) var Jorun Marie den norske komponisten i storsatsinga «Nordic Folk Sound Orchestra», med kring førti profilerte folkemusikarar og solistar frå heile Norden.

ARRANGEMENT MED
JORUN MARIE KVERNBERG

EDVARD HOEM
OG JORUN MARIE KVERNBERG
INTRO:
FELE + GRAUT
= SANT
PERLESKUM: EIT MØTE MELLOM FOLK OG JAZZ
bottom of page