top of page
edvard_hoem_paal_audestad_.jpg

Foto: Paal Audestad

EDVARD HOEM OG
JORUN MARIE KVERNBERG

NERSKØYLØA, SKODJE
12. AUGUST KL. 21:00

Foto: Kristin Støylen

DENNE KONSERTEN ER UTSELD

​

​

12. august vert det ei musikalsk samtale mellom Jorun Marie Kvernberg og Edvard Hoem. I boka Felemakaren utgitt i 2020 fortel Hoem om sin felemakar Lars Olsen Hoem (f. 1782) som under ei periode som krigsfange på eit britisk fangeskip møter ein franskmann som lærer han å lage feler. Edvard fortel fra boka og Jorun Marie vil gje oss slåttar frå Romsdal. 

​

Jorun Marie Kvernberg har spesialisert seg på folkemusikk frå fylket, med særleg vekt på felemusikken. Frå heimkommunen Fræna/Hustadvika har ho mellom anna funne slåttar etter Guri Gabrielsdatter Lauvåsen. Den fargerike «Kvakksalvar-Guri», som ho óg vart kalla, finn me dessutan i Hoem si bok «Slåttekar i himmelen». 

 

Frænas store feleson på 1800-talet var ein særs fattig mann med lurvete klede: «Tosten på Hauå» / Torstein Eidem. Men Hoem-fele hadde han, og med den vann han kappleikar og spelte høgt og lågt i bryllaup og til fest.

​

Edvard Hoem (f. 1949) debuterte i 1969 og har sidan vore svært produktiv som romanforfattar, dramatikar, salmediktar og Shakespeare-gjendiktar. For Kjærleikens ferjereiser (1974), Prøvetid (1984), Ave Eva (1987) og Mors og fars historie (2005) vart han innstilt til Nordisk Råds litteraturpris. For Mors og fars historie mottok han Melsomprisen og Petter Dass-prisen, og han vart òg innstilt til Kritikerprisen. Frå 2009-2013 gav Hoem ut biografien om Bjørnstjerne Bjørnson i fire band. I 2011 vart Hoem tildelt statsstipend og i 2013 fekk han Språkprisen. I 2014 gav Hoem ut Slåttekar i himmelen, første band i den bestseljande romanserien om slekta frå Romsdal. Dei fem bøkene, Slåttekar i himmelen (2014), Bror din på prærien (2015), Land ingen har sett (2016), Liv andre har levd (2017) og Jordmor på jorda (2018) har eit opplag på over 400.000. Sjette bok, Felemakaren, kom ut høsten 2020.

I 2019 vart Edvard Hoem tildelt Brages hederspris, og i 2020 vart han utnevnt til Kommandør av St. Olavs Orden for sin framragande innsats for norsk litteratur og kulturarv.

​

 

  • Facebook Social Ikon
bottom of page