top of page
BVelsvik_Scenekvelder[1733].jpg

BIRGITTE
VELSVIK

Birgitte Velsvik er ein allsidig, lyrisk koloratursopran med mezzo-bunn, som meistrar både klassisk og populærmusikk. Ho har studert ved musikkonservatoriet i Stavanger og akademiet ved Maiinsky-operaen i St. Petersburg, der ho i 2012 avslutta ei mastergrad i opera under Margarita Alaverdian. 

 

Under årets Fjord Cadenza skal ho vere instruktør for talentfulle barn og unge gjennom festivalen sin musikalskule. 

 

Birgitte Velsvik er utdanna som sangpedagog og dirigent. Som sangpedagog har ho engasjement frå både USA og Nepal, og ho arbeider i dag som frilanssangar over heile verda. 

 

Birgitte har fleire operaroller på repertoaret frå tida ved Mariinsky-operaen. Mellom anna Nattens dronning (Tryllefløyten), Gilda (Rigoletto) og Grevinnen (Figaros bryllup). Ho har gjennomført soul-, gospel- og jazzprosjekt saman med kjente navn som T.C. Hawkins, Tord Gustavsen, Carver Davenport, Per Oddvar "Prots" Hildre, Jamil Sharif og OIGC, og har hatt roller i musikalar som Fame, Jesus Christ Superstar, Grease og The Phantom of the Opera. 

 

Birgitte Velsvik har også vore å sjå på norske arenar, mellom anna i NRK-programmet, «Beat for Beat“ (2015), Musikalen «Sound of Music» i Kristiansand (2016) og ho er å høyre i den norskdubba versjonen av «Herr Peabody og Sherman» fra DreamWorks Animation.

ARRANGEMENT MED
BIRGITTE VELSVIK

FESTIVAL-
VORSPIEL
MUSIKAL-
SKULE
bottom of page