top of page
59741711-1f2b-2c97-099e-7dbcb84e33b8-1024x576.jpeg

FOTO: Oddleiv Apneseth

GARDEMUSIKKEN
PÅ AKSLA

FJELLSTUA, AKSLA 
14. AUGUST KL. 14:00

Fjord Cadenza inviterer til Gardemusikk med verdas vakraste utsikt! Takka vere Stiftelsen Kjell Holm, Aksla vel og Fjellstua, har dette arrangementet blitt mogleg.

Hans Majestet Kongens Garde 3. gardekompani er forsvarets ansikt utad og består av drilltroppen, musikktroppen og signaltroppen. Kompaniet er verdensleiande innanfor militær eksersis.
Laurdag 14. august, kl 14:00 arrangeres det konsert med musikktroppen i HMKG 3. gardekompani på Aksla v/Fjellstua. Dette vert ein tradisjonell konsert i spektakulære omgivelser. Konserten er heilt gratis og vi håper alle som har høve vil ta turen. På grunn av koronarestriksjonar er det nødvendig å reservere gratisbilletter via Tikkio.

NB! Vegen frå Aksla Stadion til Fjellstua vil vere stengt for alminneleg trafikk mellom 13:00 og 15:30, og vi tilrår folk å ta trappene opp om mogleg.

Det vil av hensyn til smittevern vere begrensa med plass, og vi ber alle som ikkje er i samme husstand om å se til at ein held ein meters avstand til andre.

!NB: KONSERTEN VERT AVLYST VED DÅRLEG VÊR

  • Facebook Social Ikon
bottom of page