
CHRISTIAN
GRØVLEN
Pianst, Christian Grøvlen er eit klaverfanomen med stort engasjement for musikkformidling. Han er ein av landets framste pianistar, og har hatt sitt virke som solist og kammermusikar gjennom mange år.
Grøvlen debuterte i København i 2017 og ved Den Norske Opera same år. Han er mottaker av Robert Levin-prisen, Léonie Sonning Talentpris og Statens Kunstnerstipend for yngre, nyetablerte kunstnere. Foruten sitt virke som konsertpianist, har han vore kunstnerisk leiar for ein eigen konsertserie på Caféteateret i Oslo og har gitt ut to album. Grøvlen sitt andre album, Eventyr, kom ut i 2021.
Stortalentet, Christian, har sin utdannelse frå Norges Musikkhøgskole, Universität für Musik und darstellende Kunst Wien og Det Kongelige Danske Musikkonservatorium, der han debuterte frå Solistklassen hausten 2017. I 2020 vart han direktør for komponistheimane ved eit av norges største museum, KODE Kunstmuseer og komponishjem i Bergen.
Christian Grøvlen har gitt konsertar i både inn- og utland, mellom anna på Festspillene i Bergen. Han har vore solist med både Kringkastingsorkesteret og Operaorkesteret i Oslo, og er ein ettertrakta akkompagnatør. Under årets Fjord Cadenza blir han å sjå ved to spektakulære høve. Saman med Atle Sponberg under kulinarisk aften på Storfjord Hotel, og til lunsjkonsert i Jervelhuset, der han vil presentere eit flott program med fokus på Grieg og eigne komposisjonar.