
ATLE
SPONBERG
Atle Sponberg har markert seg som ein av dei mest interessante fiolinistane vi har i landet vårt, og er etterkvart blitt velkjend for sitt forhold til den noko overraskande sjangeren – tango!
Han er aktiv som solist, kammermusikar og orkesterleiar, og er svært ettertrakta i både inn- og utland. Ikkje minst har han òg eit vinnande vesen, som i kombinasjon med eminent fiolinspel er vel verd å få med seg på scena.
Sponberg er i dag kunstnerisk leiar for det profesjonelle ensemblet Sinfonietta Innlandet og har tidligare vore konsertmeister i Kringkastingsorkesteret. Som kammermusikar har han gjesta festivalar i land som USA, Italia, Nederland og Australia, og han har vore solist med mellom anna Bergen Filharmoniske, Tromsø kammerorkester og Pori Sinfonietta i Finland.
I 2021 er Sponberg også medvirkande på Håkon Skogstad sitt album, «Visions of Tango», saman med TrondheimSolistene.